Batterie Fjell og Atlanterhavsvollen

Foredrag om Fjell festning ved Vigleik Røkke Mathisen.  

Batterie Fjell (Fjell festning i norsk daglegtale) og tusenvis av andre store og små militære festningsverk er blitt del av vår felleseuropeiske kulturarv. Det underjordiske hovudanlegget på Fjell blei freda av Riksantikvaren i 2004 som døme på eit svært godt bevart tysk kystfort. Ei slik vurdering ville vore utenkeleg for 75 år sidan, men no veit vi at desse forsvarsanlegga er viktige for å forstå det historikaren Eric Hobsbawm kalla ekstermismens tidsalder. Ein tidsperiode definert av første og andre verdskrigen og der grunnlaget for den kalde krigen blei lagt.
I føredraget BATTERIE FJELL OG ATLANTERHAVSVOLLEN er bakteppet ekstremismens tidsalder. I den totalitære nazi-staten sitt forsvar av Europa, spela Batterie Fjell ei viktig rolle. Nøkkelrolla Bergen fekk som trygg hamn for den tyske ubåt-flåten er med på sette Fjell festning i kontekst. Hittil upubliserte kjelder og foto er med på å kaste lys over eit av dei største byggeprosjekta den tyske okkupasjonsmakta sette i gong på norsk jord.
Vigleik Røkke Mathisen er medforfattar av artikkelsamlinga HISTORIER FRÅ FJELL FESTNING, utgitt i 2019 på Kapabel forlag. Mathisen er stadansvarleg på Fjell festning og utdanna historikar frå Universitet i Bergen 2003.