Hopp til hovedinnhold

Foredrag: Skipet som teknisk kollektivsymbol - Frå Arka til Ormen Lange

Alle snakkar om skip og skipsfart, vere det sjøulkar eller landkrabber – skipet er eit kollektivsymbol, og som sånn er det kjelde til ei rekke idiom og metaforar. Den latente faren for havsnaud og forlis, fellesskapet om bord eller avreisa til fjerne kystar er allestadsnærverande måtar å realisera det potensialet som ligg i bildet av skipet på. Andre handlar om sjølve konstruksjonen, teknologien og handteringa. Skip er maskinar, og høyrer blant dei største som er konstruerte av menneskehender, både i fortida og i dag.

Me fokuserar på dei teknologiske aspekta ved skipet som symbol, slik dei kjem til syne i biletlege og skriftlege kjelder frå mellomalderen og tidleg moderne tid, særleg i forbindelse med byggje- og konstruksjonsbeskrivingar. Me ser til dømes på Noah som skipsbyggjar, arka som kunnskapsmaskin og sist, men ikkje minst, det mest berømte vikingskipet gjennom tidene, skipet til kong Olav Tryggvason, Ormen Lange.

Museum24:Portal - 2024.09.04
Grunnstilsett-versjon: 2